ny side 30

Litt om meg og mitt arbeid ved Ulla - Førre

Født i 1952. Oppvokst på Sand. Gått på skule Sand/Stavanger og Sandnes. 

Etter at eg var ferdig med utdanning / militæret (1972) jobba eg ca 8 mnd i DSD Stavangerske på Ropeidferja / Tau sambandet og Skudesnes sambandet. Total fartstid på ferjene har eg vel eit år. Hausten 1973 jobba eg hos Fylkeskonservatoren i Hordaland nokre månader.

I februar 1974 begynte eg i jobb ved Bergens Mekaniske Verksted på Laksevåg ved Bergen. Jobba med montering av kablar, styreskap ol. til  Penguin og Sea Sparrow rakettar på dei gamle fregattane pluss eit skulesenter for Sea Sparrow på  toppen av Store Bogøy (Haakonsvern, Bergen)

I oktober 1974 var eg heime på Sand og var då innom kontoret til Ulla – Førreanlegget i Marvikhuset i gata og skreiv meg opp som interessert i jobb ved anlegget. Var og innom att summaren 1975 då var kontoret flytta til Klypa. Eg fekk beskjed om at dei skulle ha svakstraumsfolk snart, og skulle få nærmare beskjed kva tid. Fekk tilsetjingsbrev ut på hausten 1975 og starta ved NVE Statskraftverkane 26. januar 1976. Har sidan vært tilsatt ved Ulla – Førre.

I 1983 skifta eg arbeidsplass frå NVE Statskraftverkane Ulla – Førreanlegget på Sand og gjekk over i fast stilling ved Vestlandsverkene sin driftsavdeling på Suldalsosen.