Sand 02. Januar 2023                     4 bilde på denne sida!                                                                                                            

Alt har ein ende. Suldal sjukeheim skal rivast og det skal byggast ein ny sjukeheim på same plassen.
Sjukeheimen stod ferdig i 1981 og ein ekstra fløy som vart bygd på i 2004 skal og gjevnast med jorda.
Suldal sjukeheim skal tømast for alle bebuerane denne veka. Nokre skal flyttast bort til Bjødnateigen her på Sand,
mens andre må flytta 20 km oppover dalen til Vinjar Bu- og Omsorgsseter på Suldalsosen som nå skal bli den nye
"Suldal sjukeheim" i nokre år.

Nokre av bebuerane som har budd inne på Vinjar Bu- og Omsorgssenter i mange år vart nå tvangsflytta ut av "sine"
rom eller leiligheiter for å gi plass til dei nye bebuerane som kjem opp frå Sand denne veka.
Bebeuerane som blir tvangsflytta ut har fått tildelt leiligheit i frittståande bygg utanfor "Nye Suldal sjukeheim"
og når ein skal inn til måltida må ein på med ytterklær og gode sko og så ta rullestol eller rulator i bruk i all slags
vær og føre for å komma inn til matsal eller der sosialt samvær er. Dette kan fort bli 8-10 turar i døgnet.

Det har vært nesten inntaksstopp det siste året for å få plass til alle nå. Suldal sjukeheim hadde plass til
37 bebuerar + 1 i ein bustad med velferdsteknologi. I ein artikkel som stod i Suldalsposten for ei stund sidan så har
Kommunalsjefen  uttalt at det alltid har vore 7-11 rom ledige på sjukeheimen det siste året.
  
 
Inngangen til Suldal sjukeheim.
 

Suldal sjukeheim.

Denne "nye" fløyen som vart påbygd i forlengelse av Suldal sjukeheim stod ferdig i 2004 og den skal og rivast nå.  

 

 


2023
 Tor Jørgen Jørgensen