Sand 05. November 2022
2 bilde på denne sida!
Snipp snapp snute så var kanskje tunnel i R......... på riksveg 13 ute?
Nytt ras torsdag ettermiddag som traff sida på skulebussen som hadde vært i
Erfjord med skuleungane
og var på veg tilbake til Sand/Suldal. Sjåføren held litt ut i vegbana i
krysset og merka ikkje at raset kom
før det small inn i sida på bussen. Raset starta i ura rett over
containerane. R13 vart stengt torsdag
ettermiddag og geolog var på synfaring fredag morgon og då kom containerane
på plass etter at krysset
var rydda. Containerane er fylt med sand for å halda dempa eventuelle nye
ras i ura.
R13 vart opna att for fri ferdsel fredag ettermiddag etter ca 1 døgn
stengning.
Nå jobbar Statens Vegvesen med å få ned
kostnadene på vegprosjekt rundt om kring i landet og Rødsliane
på R13 er eit av prosjekta som dette gjeld. Statens Vegvesen ser på om det
er muligt å få den planlagte tunnelen
i Rødsliane godkjent med brattare stigning enn dagens krav og dermed blir
det kortare tunnel. Kanskje må
det dødsulykker til før ein vaknar opp kor farlig strekke dette er.
Statens Vegvesen har forslag om å fire faktorar som skal klassifisera kor
farleg vegane er. Dei fire kriteria er:
Breidde på skredet, trafikkmenge, omkjøyring og skredsannsynleg/frekvens.
Kvar faktor gir verdi 1 eller 2 og
desse multipliserast med kvar andre og gir maks faktor 16. Med denne
modellen kjem Rødsliane dårleg ut sidan
steinras ofte er under 25 meters bredde, ikkje mange bilar i minuttet og
omkjøringsveg som er fort kan bli
50 km ekstra omveg å kjøra. Faktoren kan bli 1x1x1x2 = 2 av 16. Snipp snapp snute
så er du er ute.
2022 Tor
Jørgen Jørgensen