Sand 16. Desember 2020              8 bilde på denne sida!                                                                                              

Mellom Helsetunet og sjukeheimen er det satt opp nokre brakker i forbindele med testtaking
i desse Koronanatider.

 

Ved badeplassen på Neset (Nordenden) er det nå laga leikeplass med litt leikeapparater.
Underlaget er gummidekke så om ein fell så skal ein ikkje slå seg så mykje.
Det var kun ei einsleg and ytterst på moloen og to svaner som var på Neset i dag.

Svanene måtte sjekka kva eg skulle nedi stranda for.

Når eg forflytta meg så kom svanene etter. Kanskje trudde dei eg hadde ein godbit til dei
men det hadde eg ikkje i dag.

Det er og tillaga sittebenk ved lekeapparata.

På Torjå var det og stille.

Lite folk å sjå i Gata men inne på Extra var det mange kunder.
Det var ikkje kø for å komma inn på Vinmonopolet heller.

Det store fine lønnetreet som stod midt i bilde vart feldt for eit par dagar sidan og
Suldalsposten skriv at det skaper reaksjonar på Sand. Området vart åpent nå.
 

 2020  Tor Jørgen Jørgensen