Sand 01. September 2020              4 bilde på denne sida!                                                                                              

Stor dag for redningstjenesten i dag. Det første av Norges nye redningshelikopter er i dag
satt i drift på Sola redningsbase. Statsminister Erna Solberg var på Sola og foretok den
symbolske handlingen med å overrekke vaktradioen til det nye helikopteret og deres mannskap.
Dei nye helikoptera som fases inn får navnet SAR Queen og dei gamle Sea King vil etter kvart
bli fasa ut etter 47 års tjeneste.
Redningshelikopteret hadde ein visningsrunde innover Boknafjorden - Vindafjorden - Ropeid -
Sand og så videre innover Saudafjorden.
Her kjem redningshelikopteret inn over Sand med Fiskebergåsen i bakgrunnen.



8 av dei 16 redninghelikoptera er i Norge nå. På den store dagen for redningstjenesten fauk
eit av redningshelikoptera ein runde over Sand. Her ser ein Hellandsnuten i bakgrunnen.

Etter runden over Sand i lav høyde dreia redningshelikopteret innover mot Sauda .



Bak ein av pilotane ser ein ein annan person følger med på flygingen. I vindu lengre bak er ein
av mannskapet opptatt med å sjå ned på Prestaåsen på Sand.

 2020  Tor Jørgen Jørgensen