Sand 08. Mai 2020              4 bilde på denne sida!                                                                                              

Ved Rygjatun står den eine støtte til minne om tidligare styrar ved Ryfylke Folkehøgskule
Bernhard (Martin) Håvardsholm. Han var ein ivrig motstandsmann. Han reiste til London og
fekk oppdrag å utføra i Norge og han var og med i kompani Linge.

Bernhard (Martin) Håvardsholm omkom på tur over Nordsjøen den 11. november 1941.
M/K Blia var med på Shetlandsfarten og i november var oppdraget å hente Bernhard Martin
Håvardsholm og få han tilbake til Shetland.  Om kvelden 11. november 1941 gjekk M/K Blia ut
frå Øklandsvågen på veg til Shetland. Når dei kom ut i havet var det full storm og orkan.
Alle dei 43 menneskene som var ombord omkom. Det einaste som er funne etter M/K Blia var
ei dekksluke som eg har sett utstilt på Bergen sjøfartsmuseum.
P.g.a. koronavirus var det i dag ein enkel markering ved støtta.

Den andre støtta på Sand er reist til minne om Andreas Torkelsen frå Sand.
Andreas Torkelsen var 1. syrmann på S/S Tempo som kom frå Drammen / Oslo med papir og
tremasse til Hull i England. S/S Tempo måtte innom stedet Methil for å få klareringspapir
før reisa kunne forsetja inn til byen Hull. Om morgonen 3. februar 1940 vart dei angripe av
fly og til slutt senka utanfor kysten av Methil/Hull. Alle mann kom seg over i livbåtane med
redningsvester på men når ein kom inn mot land kantra den ein livbåten nær stranda og 5 av 6 mann omkom.



Manglar det noko her i dag?

I eit søk på nettet finn eg navnet og bilde av Andreas Torkelsen i ei oversikt VG har laga
av nordmenn som fall i krigen så han er ikkje gløymd i hovudstaden i alle fall. 

 

 2020  Tor Jørgen Jørgensen