Sand 04. Juni  2019               8 bilde på denne sida!                                           

Nordenden.

 

Ny kloakkledning er i dag lagt frå sjøen og inn i nytt pumpehuset ved Hydrokaien. Her er dei i ferd med å flytte røyret frå
Hydrokaien og over til landtaket som ligg i kanten av badestranda (bak Hydrokaien). Kloakkledningen går frå Neset og inn til
nytt kloakkanlegg som er plassert i Kjellevika som ligg mellom Eidsbakkandn og Eidssjøen.  (Mobilbilde kl 08:00)

Kloakkledning er tatt i land tett inntil berget i badestranda og ført inn i pumpehuset ved Hydrokaien. 

Gravamaskina dekkar til og legg ut sanden på stranda att.
Om ikkje mange dagane vil ein få "toalettanlegg" slik at badane og bobilturistar kan bruka dette. 

Her er pumpehus for kloakken som går via Bekkjatorjå og ut til Neset.
Legg merke til skiltet som nå er komt opp på pumpehuset. Det er dukka opp mange nye skilt rundt på Sand den siste tida.
God jakt på namneskilt.

Der er dagen kommen for Sand Sparebak og seianare Sparebank1 SR-Bank Suldal. Det er slutt for SR-Bank i Suldal.
Innventar og anna utstyr pakkes ned og transporterast vekk.

Skilte på bygget er tatt ned og minibanken skal vekk. Trøsta er at dei som har konto i SR-Bank kan ta ut kontanter i minibanken
til Sparebanken Vest som tidligare var ein av to konkurerande bankar på Sand/Suldal.
Trøsta er at frå 1. juli så kundane kr 10 i gebyr ved uttak i minibanken. Kundane skal gjera alt arbeid sjølv med banktenestane
slik at det kan bli "feite" utbetalinger til dei som styrer og steller banken. 

Alt skal vekk, og til helga er det Ryfylkedagane og då vil banken væra uta av lokala. 

 2019  Tor Jørgen Jørgensen