Sand 15. Mars  2019               3 bilde på denne sida!                                           

Så og høste, ikke bare å høste stod det i ein artikkelen i Stavanger Aftenblad den 27 november 2014 der avisa
intervjua Adm dir. i forbindelse med at Sparebank 1 SR-Bank fylt 175 år.
Trur kanskje at adm dir har gløymt dette nå.

Nå er det snart slutt. SR-Bank avdeling Suldal skal avviklas med eigen avdelingskontor på Sand innan 1. juni 2019.
Nå skal alt foregå via nett og banken skal berre ha ein representant at med heimekontor i halv stilling mot bedrift markedet.
Sands Herrad Sparebank seinare Sand Sparebank (nå SR-Bank) hadde første kontordag den 5. mai 1871 på Sand.

Banken meiner tre bankkontor på Sand er for mykje målt opp mot talet på innbyggjarar og omfanget av næringslivet i kommunen. Befolkningsgrunnlaget som må til for at SR-Bank skal kunna driva eit lønsamt lokalkontor. Kanskje dei andre bankane har sett at
det er penger å tjene i Suldal og indre Ryfylke. 

Ja ja, Sparebank 1 SR-Bank har me vore lojale med i alle år sjølv om me kunne komme ein god del betre ut økonomisk i andre bankar.
Nå blir SR-Bank berre ein bank der me har "lønnskontoen" i.

Dei som jobber mot privatmarkedet vil få tilbod om jobb i avdelinga i Ølen som ligg 70 km / 1 time 10 minutts kjøring ein veg
frå Sand. Skal ein "vanleg" mann eit ærend i banken så må han og reise til Ølen.

 

Nå forsvinn snart Sparebank 1 SR-Bank logoen frå bygget og Gata`s søre ende "dør" ut. 

I Nordenden på Sand er det meir fart. Rasmussen sjøhuset vært pussa opp. Det same gjelder gamle Jernvarebygget.
Her kjem det leiligheter og Suldalsposten vil få nyoppussa lokale oppe der dei held til før.
Sand Sport har og planar om utviding men pga sommel med å frigi grunn frå Vegvesenet(?) til kommunene så har dette dratt ut.
Det er nå komt opp stillas og beskyttelse av inngang til WC på bygget nå så kanskje er det håp.

 

 

 2019  Tor Jørgen Jørgensen