Sand 31. Desember 2018               16 bilde frå Suldal Elverk KF på denne sida!                                           

Frå 1. januar 2019 er det slutt på kommunalt elverk i Suldal. Suldal Elverk KF er historie og blir fusjonert inn i Haugaland Kraft.
Suldal kommune får ein eigarandel i Haugaland Kraft på 3%.

Historisk. På møte i Sand heradstyre 28.februar 1913 vart det gjort dette vedtaket:
"Herredstyret beslutter at opprette kommunalt elektrisistsverk saa snart som antagelig kraft kan erholdes".
På same møte vart det vedteke "at afholde forsøksekspropieringsskjøn paa Sandsfossen og Kampen snarest mulig".

Dette er administrasjonsbygget til Suldal Elverk KF og var nytt i 1989.
På nyåret 1914 gjorde Sand heradstyret vedtak om eit kommunalt elektrisitetsverk. Fem personar blei vald til "Den elektriske byggekomite" og 6. oktober 1914 gjorde nemda vedtak om å sette igang bygging av kommunalt elektrisitetsverk.

Sand kommunale elverk sin kraftstasjon (Byggetrinn I) vart sett i drift 16. september 1916. Etter ein prøve periode på
14 dager spenningsatte dei linja til Sand og Gata på Sand og eit 50 talls hus fekk lys.
Kraftstasjonen i Hiimsdalen leverte 212 kW (300 hk) ved full drift.
Frå inntaket kraftmagasinet i Hiimsdalen gjekk det ei røyrgate på 1000 meter og 320 meters fall ned til stasjonen. 

Frå kraftstasjonen i Hiimsdalen og ned til strandstaden Sand gjekk det ei kraftlinje med lengde 5000 meter med avgreiningar
til Sandsbygda og Eide. Denne trafostasjonen vært bygd ca 1953 og her kom der inn høgspentlinjer frå Hiimsdalen og
Fiskeberget som var landtak for straumen som kom frå avtale med Haugesund E-verk om levering på 1000 kW.

I 1950 var kraftlinja frå Sand kraftstasjon (Hiimsdalen) til Helganes klar og ein kunne få straum oppover i Suldalsdalføret.
20. desember 1950 vært det ljos på Suldalsosen og. Suldal kommunale Elektrisitetsverk (Nedre) var ei elverk for gamle
Suldal kommune.

1. januar 1965 vart kommunane Erfjord, Jelsa Sand og Suldal slått saman til ein kommune. 14 mann fekk arbeid i nye
Suldal Elverk KF etter at elverka i Erfjord, Jelsa, Sand, nedre Suldal og øvre Suldal vart slått saman.

Berdskapsbilen er klar til utrykkning.



Mangt og mykje blir lagra på eit lagerområde til ein kraftleverandør.

Nokre av bilparken til Suldal Elverk KF.

Her er ein generator på hjul og andre maskiner og lagra.

Reinhalder på jobb i administrasjonsbygget til Suldal Elverk KF. Neste gang er det Haugaland Kraft som er arbeidsgivaren.

Stille i administrasjonsbygget. Juletre står å lyser opp i gangen.

Jakka med logoen til Suldal Elverk KF heng på knaggen og på nyåret er det Haugaland Kraft si uniform som er arbeidsantrekket.

På baksida av bygga til Suldal Elverk KF mot elva er det nå etablert ein tursti som går opp langs elva mot Sandsfossen.

Farvel til Suldal Elverk KF. Frå nyttår er det ikkje politikarane i Suldal som bestemmer men Haugaland Kraft.
Bra at ikkje Suldal Elverk vart seldt ut for penger men bytte mot ein eigarandel på 3% i Haugaland Kraft som normalt vil gi
årlege utbytte tilbake til kommunekassa i Suldal. Blir straumen billigare for den vanlege mann? 

 

 2018  Tor Jørgen Jørgensen