Sand 27. Juli 2018 2 bilde på denne sida!
Kveldstur med måneformørkelse og planeten Mars på nattehimmelen. Kor var
den beste plassen for å få med seg dette
fenomenet var ikkje heilt lett å finna ut av men me valgte å kjøra opp til
Førrevassdammen og stå der. Me var ikkje der opp aleine.
Snart kom kjente og
ukjente opp nesten alle med fotoapparater. Har aldri sett så stor trafikk
der oppe.
Når total måneformørkelsen hadde starta venta med lenge uten å sjå månen i
horisonten. Er dette rett plass?
Det var litt dis i horisonten så derfor tok me ein liten tur ut mot Venaheia
men ingen ting å sjå der heller.
Retunerte til Førreskard dammen og nå fekk
me tatt bilde av ein nesten full måneformørkelse. På heimvegen stoppa me ved
mastene på Venaheia og tok ein del bilde. Etter ei stund der dukka plutselig
planeten Mars opp over horisonten.
Nå var kl 23:36 og måneformørkelsen var
på hell. Planeten Mars kan ein sjå som ein liten prikk til venstre for
masta nesten
på bakkenivå.
Solnedgang over Suldalsheiane. Ein kan
skimta Reinsnuten i horisonten og Napen ruvar godt i høgre bildekant.
Bilde er tatt kl 21:58 mens me ventar på måneformørkelsen.
2018 Tor Jørgen Jørgensen