Sand 21. Mai 2018              7 bilde på denne sida!    



Dagens tur gjekk langs Førlandskanalen. Fint område å gå tur i. For å komma ned til Førlandskanalen tar ein av til Førland
rett før ein kjem til Kvednahola (Vasshus) frå Sand. Følg Førlandsvegen ca 2 km nedover så kjem ein til P-plass/grinda.
Rundturen vår var ca 2,5 km i lett terreng.



Skal ikkje gå mage meterne før ein treffer på denne store steinen som har komt ned fjellsida for lang tid tilbake.
               

 

Denne bua er merka med Krossøyno som er navnet på området.

Området her er Storøy. Eit par er snart ferdig med rundturen i området. Trudde at me kanskje var dei einaste på tur i området
men det var einslege, par og familier som var på tur i området denne dagen.     

Mykje spennande å sjå i denne evetyrskogen.  Variert skog og planter. Mange små bruer å kryssa langs kanalen.

"Løa" på Storøy.

Ein blomst må og bli tatt bilde av.

 

 2018  Tor Jørgen Jørgensen