Sand. Januar 2018              9 bilde på denne sida!    


22. Januar 2018

Ja, ja så vært det ikkje "bein" veg mot hotellet som eg trudde når eg les Suldalsposten den 20. desember 2017.
Det gamle meieribygget kjem til å gå nokre meter lengre ned mot sjøen i forhold til sentrumsbygget der Coop Marked held til.

Når nedre del av meieribygget er revet kjem veggene inne i bygget til syne og ein får mange sjå forskjellige farge-
kombinasjonar som har vært på veggene i romma som nå er vekke.

Frå innkjørsla til båthamna og hotellet ser ein nå bort til Bekkjatorja.

16. Januar 2018

Riving av den nedre delen av gamle Sand Meieri er i full gong. Når eg var nede og tok dette bilde i dag dukka gamle gode
minne frå 50- 60 talet opp. Sikkert mange som huskar Melkebaren som Sand Meieri dreiv. Her kan ein sjå luka som me
kjøpte og fekk levert ut kuleisane eller annan is bla.a. av Gullaug Svensen (Welde). Har markert luka med ein gul prikk litt
nedanfor midten og litt til høgre i bilde. Huskar spesielt godt ein pinne jordbæris som eg lika godt som var produsert på isfabrikk og var pakka med rødlig papir og var på størrelse med ein 10 pakning sigaretter. Det var ikkje kvar veke me hadde råd å springa på Melkebaren og kjøpa is på den tida. Trur eg har dei fleste med meg at det var ei fin tid å voksa opp i på Sand.

08. Januar 2018

 

Riving av nedre del av det gamle meieribygget forsetter og nå er vindaugene tatt ut og i nedre del av bygget som skal rivast.

04. Januar 2018

Nå når blikkplatene er fjerna ser ein skille mellom gamle del av meieriet og den ekstra etasjen som vært bygd på når meieriet
utvida for "fleire" år sidan. I front av lastebilen ser ein inngangspartiet til Melkebaren som var der i min barndom.  
                                   

 

Riving av nedre del av det gamle meieribygget starta i dag. Planen er at arbeid med riving og oppsetjing av ny vegg mot
Sand Servicesenter (bensinstasjonen) og sjøen skal væra ferdig til 15. mai 2018. Stillaset kom opp før nyttår og i dag starta
arbeidet med å demontera blikkplatene på fasaden mot Verven og sentrumsbygget (Coop).
Etter renovering av bygget skal det bl. a. væra 5 leilegheiter her, og 3 av desse skal væra klare i 2020.
 

Arbeidet med riving av nedre del av meieribygget og oppsetjing av ny vegg er det BG Suldal som har fått.
Dette arbeidet håpar ein skal halda seg innanfor ramma på 3 millionar kroner. Etter arbeidet er ferdigt tar Underbakke AS
over bygget og Suldal kommune gjer makebytte med Bogsund Holding av tomter. Sand Servicesenter vil få bedre plass til drifta.



Når ein les Suldalsposten den 20. desember 2017 står det ein reportasje der utbyggingssjefen i Suldal kommune peiker på kor
lang inn på bygget ein skal rive (gul strek). Det står og at vegen skal bli lagt om og gå i bein linje. Skal ein få bein linje på vegen
må ein rive opp til venstre side av rød strek og heile partiet der den brune vareporten er i dag må og vekk. Ein skal vel og ha
fortau på sida ned mot bensistasjonen slik som ein ser sentrumsbygget har.

 

 2018  Tor Jørgen Jørgensen