Sand 26. September 2017              16 bilde på denne sida!                                         

 

Når ein skal ta turen til Fiskeberget frå tømmervelta/p-plass ved Velaskardet så går turen via Fiskebergshytta.
Turen ut til hytta tar ca 25 minutt og har ein stigning på ca 100 meter.

Tar ein turen frå Høsebrua og opp lia så møter ein desse skilta når ein nesten er på toppen av Fiskeberget.
Her tar ein av inn på stien ned til Fiskeberget.

Når ein nærmar seg Fiskeberget viser det eine skiltet vegen ut til der ein på 1930 talet starta å jobba med Ryfylkevegen:
Dette var sysselsetningsmidler som blei brukt men veistumpen vært ikkje lang før arbeidet vart stoppa.

Etter ca 1 times gange frå Velaskardet er ein nede på Fiskeberget.

Bygningane på Fiskeberget ber preg av alder og i går kom der materialer og sutaksplater og papp til hovedhuset.
Det er ikkje lenge før arbeidet med å vøla taket startar opp.

Her ligg vaktmesteren på post. Når eg kom inn på marka så kom sauene mot meg, men når dei var ca 3 meter frå meg stoppa
dei opp og så rusla dei tålig vekk og beita vidare.

I går vært det flydd inn 3 hiv med materialar og utstyr som ein skal bruka når ein startar reperasjon av taket på hovedhuset.

På 60 talet var det minkfarm på denne sletta nede ved sjøen på Fiskeberget. I dag kan ein berre sjå restane av nokre minkbur
og litt bølgeetternit som ligg att. Eg hadde mange kjeke turar ilag med Magnus Skibevaag ut her for å mata minkane.

Det er ikkje strøm ut til Fiskeberget men bak i skråninga ligg det 4 store solcellepanel som skaffar nødvendig lading til
batterier slik at ein kan få litt lys om kveldane her borte.

Sauene rusla fredlegt omkring og brydde seg ikkje om eg kom besøk.

Nede ved elveosen er der 3 naust. I det eine lagra ein bommen som vært brukt å stengde over elveosen når ein fløtte tømmer
ned Suldalslågen. Min far jobba på Hiimsaga (der Ryfylke Fjordhotell er nå) og han var med på fløyting av tømmer ned
Suldalslågen.

Dette naustet ikkje i topp stand lengre.

Kor mange år klarer dette naustet å stå før det fell ned?

Grense sjø elv går her vest for nausta og den næraste stolpen er ein av to som merkerer grensa.

Sauene kan sjå på ein flott plass når dei ruslar her borte.
Etter eg hadde rusla rundt på Fiskeberte ca 1 time så var det å ta fatt på heimturen. Nå var det å stige vel 200 høgdemeter
før eg var tilbake på toppen og Fiskebergshytta. Turen opp tok ca 40 minutt. 

På vegen heim var det ein tur oppom utsiktspunktet og så Sand og boligfelta rundt.
Heile turen medrekna 1 time på Fiskeberget tok vel 3 timar.

 2017  Tor Jørgen Jørgensen