Sand 21. Februar 2017              7 bilde på denne sida!                    
           

            
Torjå var avsperra i dag tidleg og arbeidet har starta opp. Det er firma Aakerholt Steen og Lund as er har arbeidet men dei
kjem og til å bruka lokale firma i arbeidet her. BG Suldal startar opp med gravearbeidet
førstkommande måndag er planen.
BG Suldal skal ha grunnarbeide og betongarbeidt på Torjå. Her demontera arbeiderane frå
Aakerholt Steen og Lund as
trafikk skilt. Går alt som planlagt og ingen uforutsette ting dukkar opp skal nytt dekke på torget stå klart i midten av juni
månad. Fargeriet har drevet Ronæshjørna frå april/mai dei siste åra. Korleis skal ein gjera i år? Ryfylkedagane som normalt
er første helga i juni vil og få mindre plass sidan Torjå er under ombygging.

Alle skiferhellene som vært lagt på ned Torjå  for ein god del år sidan blir meisla laus og tatt vare på. Søppelsdunkane som er
festa på lysmastene og fjernast.

Steinhellene maislast laus.

Parkeringsplassen på Torjå er sterkt innskrenka i dag. Coop Marked vil sikkert og merka det på handelen så lenge ein ikkje
kan kjøra med bil til døra eller helst inn i butikken. Vil ein merka at parkeringsplassen er mindre eller vil folk ta føttene fatt
og gå frå parkeringsplassen i Dalane når ein skal handla eller på eit kafè besøk på Fargeriet?

 

Skal ein nå reisa med hurtigbåten til Stavanger eller Sauda må ein gå ned ved sida av bensinstasjonen Best for å komma på kaien.
Trur det blir litt kaotisk når bussen frå Suldal kjem og alle privatbilane som og kjem ned for å setja av eller henta folk.

Støypekanten på kaiene er nå maisla vekk og ein driv å ryddar litt nå.

I Osbakkjen har ein og støyp førningskanten langs vegen og ein kan vel snart opna opp for trafikk.

 2017  Tor Jørgen Jørgensen