Sand 06. Februar 2017            8 bilde på denne sida!                       

I dag 6. februar er det samefolkets nasjonaldag eller som andre kallar det samefolkets dag.
Bakgrunnen for datoen er at det første samiske landsmøte var 6. februar i 1917 i Trondheim. I år er det 100 års markering.
Dagen i dag er offisiell flaggdag, men eg sakna flagget til samefolket når eg gjekk rundt på Sand i dag.

 

Arbeidet med Suldal bad går framover.

I dag starta ein med demontering av ferjekaien på Sand.

Ferjekaien og parkeringsplassen mot Sandsvika blir sperra av under demontering av utstyr.

Ferjelemmen er sikra og hydrolikk.

I Osbakkjen pågår og reparasjonsarbeid. Ytre del av vegbana seig ned mot hotellet og ein må støypa fundament og førningskant.

Ein ser på bilde fundamentet i bunn og forskaling til førningskant pågår.



I elveosen ser det og ut for at det er oppstått skade i vinter. Øvre pir/brygje har fått skade.

          
  2017  Tor Jørgen Jørgensen