Haugesund 03. November 2016            2 bilde på denne sida!                    



I dag legg eg ut bilde av ein båt som endeleg er på veg tilbake tilbake til Hordaland/Sunnhordland der den høyrer heime.
Gamle gode MS Sunnhordland er nå veteranskip etter ca 42 år i Finnland.
Båten la til kai ved Sjøfartsdirektoratet i Haugesund kl 12:00 i dag. Folk som jobba ved sjøfartsdirektoratet var ombord på
ei omvising før båten gjekk vidare til Leirvik på Stord der den skulle væra mottaking kl 18:00.

MS Sunnhordland heite MS Brahe når den gjekk i cruisetrafikk i Finland og Russland frå 1974 til i år.
MS Sunnhordland vart bygd som eit marinefartøy for den amerikanske marinen, og gjekk også fleire år som eskortefartøy
for Royal Navy med namnet HMS Kilchrenan.
Etter andre verdenskrig kjøpte HSD skipet, bygde det om til passasjer- og godsskip på Bergen Mekaniske Verkstad, og gav
det namnet «Sunnhordland».
MS Sunnhordland gjekk frå 1949 til 1973 i rutetrafikk mellom Sunnhordland og Bergen.
Når ein skulle reisa frå Sand til Bergen var det som oftast MS Sunnhordland ein reiste med frå Ølen.
Eg reiste første gong med denne båten i august 1959. Me tok ferja Ropeid (Bru) frå Sand på ettermiddagen og på Ropeid var
det ein rød HSD buss som skyssa oss til Ølen. MS Sunnhordland gjekk frå Ølen rundt kl 20:00. Ruta var Ølen - Bjoa- Etne-
Skånevik - Leirvik (Stord) og ein del andre plasser langs leia til Bergen. Me kom til Bergen neste dag rundt kl 07:00 - 08:00.


Det må litt ombygging til i akterenden skal den bli slik den såg ut når den gjekk i rutetrafikk.
 

 

  2016  Tor Jørgen Jørgensen