Sand 18. Juni 2016           2 bilde på denne sida!                    

Nå er det snart eit halvt år sidan ferjesambandet Sand - Ropeid vært lagt ned. Kvar einaste dag kjem der nokon som skal over
fjorden med ferja. Her er det ein bobil som skulle over fjorden men måtte berre snu og kjøra via Sandsfjordbrua.
For nokre dagar sidan var det to sykkelturistar som ikkje hadde sett skiltet i krysset ved Lovraeide og hadde sykla til Sand
for så og måtte sykla tilbake same vegen for å komma inn på Sandsfjordbrua. Det er ca 26 km t/r og ca 500 høgdemeter ekstra.
Kvar dag er det og trailerar, spesielt utenlanske, som er nedom Sand og skal med ferja.
Om ein har oppdatert GPS eller kartbøker kan ein oppleva at ferja over Sandfjorden er med.  
 

          
Desse syklistane som sykla kraftrittet i dag var ikkje pysne. Dei skulle sykla 101 km og totalt ca 2800 høgdemeter.
Vinnaren i år brukte 3 timar og 15 sek på turen. Dette er ny løyperekord. Det var ca 70 startane deriblant 4 damer.
 

  2016  Tor Jørgen Jørgensen