Sand 18. Januar 2016          6 bilde på denne sida!                           

Arbeidet med riving av det gamle sanitetshuset ved kommunehuset har pågått ei tid. Alle vindauga og dører og alt innvendig
inventar er fjerna og sortert før bygget nå skal fjernast for godt. I dag kom dei med ein gravemaskin og starta arbeidet med
å riva taket og delvis vegger på baksida. I Soga om Sand kan ein lesa kva som satte igang arbeidet med å få reist huset.
I siste halvdel av 50 talet kom det forslag i saniteten om å arbeida for å få fast tannlege på Sand og då trong ein hus til dette.
I januar 1960 var planane klare og huset vært kalkulert til kr 95.550. Arbeidet starta utpå våren og stod ferdig i november 1961.
Då var kostnaden komt opp i kr 142.500 inklusivt nøktern verdiesetjing  av alt dugnadsarbeidet til sanitetskvinnene og andre
hjelperar. Dugnadsinnsatsen vart sett til kr 5.000.
Arkitekt for bygget var Thv. Solheim som hadde teika den nye skulen (kommunehuset) nokre få år før.

Gravemaskina er ikkje lenge om å fjerna metallplatene på taket.

Takplatene vært sortert ut i ein haug for metallrestar.

Når eg gjekk på gamleskulen (kommunehuset) til høgre i bilde var me på helsekontroll i 2. høgda på sanitetshuset.
I 1. etasjen var det tannlegen held til. Eg starta på skulen i 1959 og når me skulle til tannlegen var det med Ropeidferja og buss
vidare til tannlegen i Sandeid. Ein av dei større elevane måtte pass på oss små på heile turen. 

Når bygget er fjerna er blir det nok meir parkeringsplassar på tomta.



I dag (19. januar) var det det gamle sanitetshuset revet.
 2016  Tor Jørgen Jørgensen