Sand 08. Mai  2015           
       

Frigjøringsdagen 8. mai i år er spesiell for det er 70 år sidan krigen var slutt.

Denne minnestøtta står ovanom ferjefila på Sand.

Andreas Torkelsen frå Sand var ein krigsseilar som sette livet til i krigen.
DS.Tempo blei angrepen  3 februar 1940 av tyske fly, bomba og beskutt, utanfor østkysten
av England på vei frå Oslo til Hull med papirlast. Av ein besetning på 14, omkom fem mann.
Overlevande kunne fortelja at dei tyske flyene skaut mot livbåtene etter at de var kommet på vatnet.

Flagg ved Ryfylkemuseet.

På Eide står det og ei minnestøtta. Bernhard Haavarsholma var styrar på Ryfylke Folkehøgskule
når krigen braut ut. Han måtte til slutt rømma frå landet og han omkom når MK Blia forliste.
Båten gikk ned i Norsjøen i november 1941 i kraftig uvær da den skulle frakte ei gruppa
med flyktningar og kurerar til Shetland.
 



Tidligare Ryfylke Folkehøgskule. Minnestøtta om Bernhard Haavarsholm kan ein sjå til vestre for døra på bygget i bakgrunnen.
 

Georg Fjellberg var og ein av mange som ofra livet for heimlandet under den andre verdskrigen. Han deltok i mobiliseringa i
Røldal i 1940 og fekk ordre om å ta vare på fleire gevær. Desse gøymde han i heia ved Fjellberg.
Motstandsmiljøet i Stavanger fekk med tida kjennskap til våpena. I 1941 blei fleire frå dette miljøet arresterte. Under avhøyr
fekk så tyskarane veta om våpenlageret til Georg. Han blei arrestert saman med 16 andre og send til Oslo i november 1941.
Det blei dødsstraff. Den 29. desember vart den 33 år gamle Georg Fjellberg i lag med ti andre skotne på Flatmyr i Nannestad.
Etter krigen samla sambygdingar og vener i vide krinsar inn pengar og reiste ei minnestøtte som i dag står i nedkjøringa  frå
Hedlebrekk mot Ulladalen.

 

 

 2015  Tor Jørgen Jørgensen