Sand 16. Mars 2015          7 bilde tatt av ferjene MF SAND og MF ROPEID  

MF SAND ligg ved Hydrokaien der ein testa den store redningsflåten som er montert i eige skap i skutesida på bildekket.



Flåten er bra stor og den er sertifisert for 150 personar. Dei gul/orange posane er "lodd" som som skal halda flåta nede på
sjøen slik at den ikkje tar av og snur seg i vind. I motsatt ende av flåta er det 2 posar med trykkluftflasker som blåser opp
redningsflåten når den kjem på sjøen. Posane ser ein framfor venstre hjørne av Ryfylkemusset . 

Når ein hadde fått plassert redningsflåta inne på kaien var det å tappa luft ut av flåta og "pakka" den i saman og ta den med
seg til byen for ompakking. På lasteplana til kranbilen låg der ferdig pakka redningsflåtar som kunne monterast på ferja att.

Nå er det MF ROPEID som kryssar fjorden med redusert kapasitet på 20 bilar pr tur. 

Det skal berre eit par store bilar på eine sida på ferja så legg den seg litt over.

Ferja på veg til Ropeid. MF SAND ligg ved Hydrokaien for diverse testar. På ettermiddagen gjekk den ut Sandsfjorden og
til Skudesnes for dokking. 

MF ROPEID ligg med litt slagside pga ein lastebil og ein trailer er lasta på eine sida.

 

 2015  Tor Jørgen Jørgensen