Sand 13. Mars 2015           6 bilde på denne sida.            
 
 

"Gamleferja" MF ROPEID er kommen til Sand for å kryssa fjorden når MF SAND skal til klassing.
Dette er kanskje siste gong at dette skjer for neste år er mest sannsynleg Sandsfjordbru opna og ferjesambandet nedlagt.
Då vært dette dessverre berre eit nostalgisk minne. 

MF ROPEID vært bygd i 1969 og fekk namnet MF FUSA. I 1987 vart den solgt frå HSD til DSD og fekk namnet MF HJELMELAND.
I 1992 skifta den namn til MF SAND og hadde det fram til 2006 då den fekk namnet MF ROPEID. Ferja er 40 meter lang og
10,6 meter breid. DWT 142 Tonn.

RIMI går og snart over i historien etter at Coop kjøpte opp ICA. Coop har solgt ein del forretningar og RIMI Sand skal
værta ein Bunnpris butikk.



Garden Ås fotografert frå Fiskebergåsen. Ås garden på øvresida av Saudavegen som ein ser heilt nede i bilde.
Noko av Hustveitsåta ser ein ein del av på venstre side i bilde.

Høsebrua frå ein uvant vinkel.

Denne garden har fleire namn etter kva kjelder ein ser i. Nokre skriv Tre andre Træ eller Hedlandstræ.
Garden ligg i Sandsbygda på veg mot Kløv.

 

 2015  Tor Jørgen Jørgensen