Sand 11. Mars 2015          22 bilde tatt frå Fiskebergåsen!  

Strandstaden Sand med Saudafjorden og snødekte fjell i bakgrunnen. Kan ein finna finare plass på jord?
Ein ser Hustveitsåta og fjella innover mot Sauda.



Ryfylkemuseet og badestranda på Neset. Ved badestranda er det rampe ned i fjorden der ein kan setja ut båtar eller berre
lasta om slik karen held på her idag. Tida ferja MF Sand skal kryssa fjorden minkar og. Ambulansen som står fremst på
må om under 1 år kjøra ein "omveg" på ca 30 km for å komma til Ropeid og kan så kjøra til Haugesund.

I Nordenden vært fleire av dei private kaiane ødelagt av uværet Nina i januar i år. Snart er planen og pela og byggja nye kaiar.

Ferjekaien og Bekkjatorjå. Når ferja fer ut fjorden for siste gang er det ikkje lenge før dei riv og fjernar ferjestøa.

MF Sand på veg til Ropeid. Turen tar ca 8 minutt.

Eidsvegen som går frå strandstaden og inn til Eide. Vegen er sperra med bom ved Flataberget så det er ikkje muligt å kjøra
med bil til Eide. Ein må nytta vegen via Klypa og Maleniusåsen/Prestaåsen. Lølandssteinen står i svingen der ein ser ungane går. 

Del av Prestahaugen. Her vaks eg opp på 50- og 60 talet. Det var ikkje Prestahaugen men Dollarhaugen den vært kalla då.

Kommunehuset i Suldal. Dette var skulehuset og eg starta i 1. klasse hausten 1959.

Suldal helsetun er under ombygging nå. Legane har fått nye kontorer i 1. etasjen og nå er det ombygging av 2. etasjen som pågår.
Ambulansen har vært innom legekontoret før den skal kjøra til Haugesund med ein pasient. Legevaktbilen står klar utanfor
pasient inngang på kveldstid. Dessverre ser det ut for at me mistar legevakta på kveld/natt og heile døgnet i helgene.
Skal ein til lege utanom vanleg dagtid må ein kjøra via den nye Sandsfjordbru til Ølen. Det er ein avstand på over 70 km ein veg.
Einaste trøsta er at er at er det akutt og flyvær kan luftambulansen komma inn og den landa på plenen nedanfor ambulansen på bilde.  

Suldal sjukeheim.

Bjødnateigen.

Olastien. Har mange gode minne herfrå siste del av 50 tallet.

Her ser ein deler av to byggjefelt. Flataberget er til venstre og Prestaåsen er til høgre. Felta er skilt med gangvei og bom
ved det grøne huset midt i bilde. På andre sida av fjorden ser ein hyttene i Smedavika (til venstre for radiomasta) og husa på
garden Rørvik til høgre.

Boligfeltet Prestaåsen og Jonsokbergen. Heilt i bakgrunne ser ein Joagarden barnehage.

Jonsokberget.

Garden Lauvås ligg mellom boligfelta Prestaåsen og Maleniusåsen.

Del av boligfelt Maleniusåsen.

Hytta ute på Fisekbergåsen.

Hytta sett frå Sandsida.

Gardane på Helland i Sandsbygda er fotografert frå traktorvegen som går ut til hytta på Fikeberget. VAnskeleg å få bilde
av gardane men her har eg stått rett over RYMI sitt anlegg i Gåsavika. Ein ser taket på løa til O. Hauge.

Helland.

Kløv i Sandsbygda.

 2015  Tor Jørgen Jørgensen