Mosvatnet 04. Februar 2015           10 bilde på denne sida!       



Hadde årets første skitur i dag. Reiste opp til Mosvatnet og p-plassen ved Hedlebrekk. Mykje snø  i 5-600 meters.
Når eg kom opp til Mosvatnet viste gradestokken -12
°C.



Flott dag med klar blå himmel og sol som varma godt.

Bundingsstølen er dei to hyttene ein ser på høgre sida. På venstre sida ser ein Kalvaknuten som er 711 meter høg.
Fjella ein ser heilt i bakgrunnen, litt til høgre for Kalvaknuten, er fjellplatået ein må bortom på for å komma seg opp til
Nattlandsnuten som ligg skjult bak Kalvaknuten. 
Fine oppkjørte løyper i området rundt Hedlebrekk og Fjellbergskadet.

Den første rasten tok eg her. Plassen ligg ca 200 meter på vegen mot Fjellberg-høgeheia frå "krysset" der stien deler seg til Frøkjedalen/Nattlandsnuten. Dvs. ca midt mellom Kalvaknuten og Frøkjedalsvatnet i luftlinje.
Når eg gjekk innover og passerte Fjellbergskardet var det slutt på oppkjørte løyper. Då var det å følgja skispora til andre
som hadde tatt turen vidare innover. Løypene var mjuke og skistavane kunne ein stikka langt nedover i laussnøen utan noko
særleg motstand. Løypene som ikkje var oppkjørte med trakkemaskin var så som så og eg hadde nokre fall. Når den eine skia
skar ut or løypa vært det fort "bråstopp" og eg havna i snøen. For å komma meg på beina att måtte skia av og eg måtte bruka
desse som hjelp (underlag) sidan føtter, armar og skistavar ellers gjekk langt nedover i snøen utan motstand.  



Her ser ein nedre delen av Fjellbergskardet hyttegrend. Hovstølen ligg nede i gropa bak hyttegrenda.
Når eg kom ned til Fjelbergskardet hyttegrend kom eg inn på oppkjørte løyper att. Det var bra å få fastare underlag att.
 


Her ser ein nokre av hyttene som ligg rundt midten av Fjellbergskardet hyttegrend. Kalvaknuten er fjellet på høgre del av bilde.
Bilde under er tatt frå same plassen berre at eg har snudd meg 90
° mot høgre.



Her ser ein nokre andre av hyttene som ligg rundt midten av Fjellbergskardet hyttegrend. Ein liten rast med påfyll av energi.
Firkløver og cola. Firkløveren var så hard at den var var "vanskeleg" å knekka. Når eg fekk den i munnen måtte den tyggast
i små bitar for å få den til å smelta.  

På heimturen gjekk eg gjennom Fjellbergskardet og kom tilbake i løypa eg gjekk innover i. På venstre side ser ein Mosvatnet
og fjelltoppen i høgre kant er Gullingen.

Tilbake til bilen etter ein fin tur på to timar. Skia er langt frå av nyare dato faktisk 41 år gamle men eg kjem nå fram på dei
med god skismørning under sålen. Skia er Fischer Europa 77 glassfiber fjellski med metalkant kjøpt i Bergen februar 1974.
Glassfiberski var ganske nytt den gongen og dette var topp ski då. Måtte modifisera dei med nye bindingar for ein del år sida
pga ny støvel type. Eg må vel innsjå at dei har hatt sine beste dagar og at det er betre ski på markedet. Googler ein skia
i dag på web finn ein dei som museeums objekt i Canada men du kan og få kjøpa dei på ebay i USA for ca 85$ (ca 650 kr) nå.

Det er mykje snø i 500 meters høgde. Bilde her er frå veien ved Fidjane og i bakgrunnen ser ein fjelltoppen Reinsnuten
med radiomasta. Reinsnuten (Torehaugen) er 1144 meter høg.

 

 2015  Tor Jørgen Jørgensen