Sand 10. Desember 2014           6 bilde på denne sida!       
 
 


I dag er det 2 veker att til julaftan. Det er kun pynten som er montert opp rundt omkring på Sand som minner oss på at det
snart er jul. Den siste tida har det vært regn og rusk. I dag tidleg var det 3° og regn. Heldigvis så har nedbøren komt som regn
ellers hadde hatt mykje snø her nå. I dag passerte me 2200 mm nedbør hittil i år så me får normalen og vel så det sjølv
om me hadde ein fin sommar. Dagslyset har det og vært lite av den siste tida, men om ikkje mange dagane snur sola og då går
det mot lysare tider att.   

Når desse bilda vært tatt i dag var det lite folk å sjå i Gata kl 09:00. Det er litt forandring i bilde i år i forhold til andre år.
Advetskalenderen i vindaugene på kommunehuset har skifta plass og startar nå med tallet 1 i øverste etasje venstre side.
Før om åra har starta ein på tallet 1 i mellomste etasjen ventre sida og talet 24 kom i øverste etasjen høgre sida.
Ein kan og leggja merke til at i år er det komt opp ein kjempestor "juletrebelysning" i feltet over kommunehuset.
Dette viser godt att i vintermørke og skaper glede for liten og stor i førjulstida. 



På Torjå er Josef, Maria og eselet kommen på plass. Snart kjem resten av julekrybba og. Håpar på snø då for det skapar
straks meir julestemning.

Etter at Gata vært pussa opp var det og lys i alle trea som står langs fortaua på nedsida av Gata frå ferjefila til Osbakkjen og
trea langs Kaarhus hotel. I dag står 8 av 13 tre utan lys. Det er nå  lys i 5 tre. Det eine utanfor Ragnhild`s og dei to trea mellom
Sand Sport og Bustad AS og to av trea ved Kaarhus hotel.
Kvor mange av trea får lys neste år?
  



Her ser ein lys i treet
i krysset Gata/ferjefila. Dei andre trea står på fortaua ved Bustad og Kaarhus hotel. 



Ryfylkemuseet har og pynta treet som står mellom bygga. Det viser godt att når ein står på Torjå og ser mot Nordenden.
Lyser opp i vintermørke.

 

 2014  Tor Jørgen Jørgensen