Sand 13. Oktober 2014
3 bilde på denne sida!
I dag har eg vært ein runde rundt på
Sand og langs elva opp mot Gåsavika med fotoapparatet. Fin tur.
Dette bilde er tatt seinare i dagen kun for å dokumentera miljøskade på
elva. Etter eg var ferdig med turen har gått eit stort
jord/leir ras rett ovanom Haua garden, nærmare bestemt der den nedre bosstippen låg på 50- og
60 talet. Mange hundre m3
med jord/leire og tre er rasa ut i Suldalslågen og
dekker minst halve elveløpet.
På jordet innafor, mot riksvegen der raset har gått,
står det nå at ein
gravemaskin. Eg såg i dag at lastebilar kjørte forbi Garaneset og opp dalen med jordmassar frå Eide (Haugen feltet)
og berre nokre få minutt etter kom dei tomme nedatt. Gravemaskinen har muligens plannert ut
massane etter kvart og til slutt
har grunnen gitt etter og rast ut. Var over på Hellandssida og såg då at det
var mykje leira under jordskorpa der raset har gått.
Kjem denne hendinga til å gå av i det stille?
Stakkar laks som var nedafor raset i dag.
Bilde viser raset sett frå Hellands sida. Raset dekker mykje av bilde. Ein ser og at elveløpet i Suldalslågen er smal i nedre ende.
Her er raset sett nedanfør og oppover Suldalslågen. Raset dekker mykje i bilde.
2014 Tor Jørgen Jørgensen