Sand 04. Februar 2014           3 bilde på denne sida!

Arbeidet med Sandsfjordbrua er starta opp. Tilførselvegane fram til brua er laga men ikkje ferdige. Mykje arbeid
gjenstår på dei enda før dei er endeleg ferdige. På Osmannaneset  (austsida/høgre bildekant) ser ein tunnelmunningen og
der brua skal gå beint fram i den høgda over Sandsfjorden. Brua vil ha ei seilingshøgd på 70 meter midt på, og 55 meter
inne ved brukara. Brua skal ikkje væra til hinder for store båtane som skal til/frå Sauda. På venstre sida ser ein krana på
Åsarøyholmen der det vestre brukaret skal stå. Rett bak Åsarøyholmen ser ein Ytre Åsarøy. Midt i bilde ser ein Indre Åsarøy
og ein del hytter der. Det grå partiet midt i bilde er Åsarøy dalen der vegen går oppover og kyttar seg til hovedvegen
ved Øvrabø garden som ein ser øvest i Åsarøy dalen. Omvegen for å komma frå Sand/Suldal til Ropeid krysset vil
bli ca 30 km lengre å kjøra på ikkje alt for gode vegar. 


På Åsarøyholmen skal det vestre brukaret stå som støtte for fritt fram bua som skal kryssa Sandsfjorden. Brua vil
forsetja vidare vestover og komma inn på vegen og tunell som ligg litt utanfor oppe i venstre bildekant.
Rett bak Åsarøyholmen ser ein Ytre Åsarøy med anleggskontora oppe i bakkjen 



Hytta som ligg på Osmannaneset hadde ein utruleg flott beliggenhet og utsikt til "Pølsesvingane" i Sandsfjorden.
Nå når Sandsfjordbrua kjem vært plassen øydelagt. Som ein ser ligg dei to hyttene bak tårnkranane og når brua er
ferdig har dei ein diger sementkloss rett i hytteveggen. I bakkant ser ein Indre Åsarøy og hyttefeltet på andre sida av fjorden.
 

 2014  Tor Jørgen Jørgensen