Sand 07. Januar 2014      3 bilde på denne sida!

I dag starta Suldal Elverk og Svein Klungtveit AS å grava kabelgrøft mellom nettkioskane i Prestaåsen etter brannen
i nettkiosken i Austmannsvegen den 28. september 2013. Som ein ser på bilde står den gamle nettkiosken med grøn
presenning som tak enda. Om det kjem ny nettkiosk nede i Austmannsvegen eller om alt skal forsynast frå nettkiosken
oppe i bakken i Preståsen veit eg ikkje.

Den 15. januar var ein ny nettkiosk på plass ved sida av den som alereie står oppe i Prestaåsen og forsyner øvre del av feltet.
Det er lagt nye kablar frå den nye nettkiosken og ned til der den gamle nettkiosken i Austmannsvegen som brann stod.
Kablane blir der kopla inn på nye fordelingsskap. Den gamle nettkiosken er fjerna.

Nede i Austmannsvegen er nettkiosken fjerna og nye fordelingsskap er komt opp.

 2014  Tor Jørgen Jørgensen