Sand 30. Oktober  2013     25 bilde på denne sida!



I dag var det ein stor øving på Garaneset. Norsk Luftambulane stod for opplegget og dei som deltok var frå politi,
legekontoret, ambulanse, brannvesen, frivillige frå Røde Kors og markørar frå skulen.
45 personar var med i øvinga + 20 markørar frå 10. klasse frå skulen. 

Her får brannmanskapa demonstrert korleis ein kan løfta ein velta buss og frigjera ting under den. Det vert nytta ei
hydraulisk jekk som vært sett under og i tillegg sette ein inn støttestag i tak lukene (orange jekkar) som sikring.

Instruktør forklarar brannmanskapa bruk av utstyrt og sikkerheten i forbindelse med bruken.

Instruktøren har funne fram ei dokke som skal brukast i øvinga.

Her ser ein korleis den hydrauliske jekken er plassert når den løfta bussen. I bakgrunnen ser ein og støttestaget (jekk)
som vært nytta til sikring av bussen.

Her vært bussen trekt opp av wiren frå redningsbil som står utanfor venstre bildekant slik at instruktøren kunne
leggja eit par øvingsdokker under bussen.

Markørane som skal væra med i øvinga har skilt rundt halsen som fortel kva skader dei har. Det var ca 20 markørar som
vært plasser inne i bussen. Når alt er klar går alarmen.

Alarmen går til AMK kl 13:14.

Etter 5 minutt etter at alarmen gjekk kjem politiet som dei første på "ulykkes" plassen.

5 minutt etter at politiet kom til "ulykka" hadde dei fått oversikt over omfanget av "ulykka", og ein av politimennene
tok med seg "busspassasjerane" vekk frå skadestaden.   

Ambulanse personellet har tatt seg inn i bussen og driv førstehjelp.

Politikvinna signalisera at ho treng hjelp av 2 personar som "står og ser på".  Ei båre er på veg inn tak luka på bussen.  

10 minutt etter at politiet kom på plassen har og ambulanse- og brannmanskapa komme og det vært oppretta ein samleplass
der ein samlar dei skadde for førstehjelp/behandling og vidaresending dersom det er aktuelt.

Den eine øvingsdokka som ligg i klemm under bussen vært tildekt 10 minutt etter at politiet ankom. 

Her ser ein brannvesenets folk tar imot båre med ein skada busspassasjer.

Busspassasjeren vært frakta bort til samleplassen for skada.

Inne i bussen ligg det fleire alvorleg skada og nå startar ein arbeidet med å ta seg inn i bussen via bakveggen. Ein må
skjera seg gjennom aluminiumsveggen for å komma seg inn.
 

Den første av dei hardt skada bak i bussen vært tatt ut gjennom bakveggen.



Busspassasjerane som ikkje kom til fysisk til skade vært halden på god avstand frå bussen. Ein politimann passar på dei.

På samleplassen for skada vært kvar enkel busspassasjer som kjem inn sjekka og tatt vare på. Her er ein av dei skada
lagt på båre og pakka inn i bobleplast for å halda på varmen. Bobleplasten ligg flatpakka i ein pose og det er berre å opna
posen og bretta ut så får ein ein "sekk" der ein legg pasienten oppi og brettar så sidene over pasienten som ei "dyne" og
festar strikkane slik at ikkje bobleplasten over pasienten opnar seg. Til høgre i bilde driv ein ambulasefolka og klargjer
ein ny "sekk" til ein skada.   

Ei av dei som ikkje var "skada" og politiet hadde fått raskt vekk frå bussulykka vært etter ca 20 minutt dårleg og måtte
leggjast på båre og frakta til samleplassen for skada. Her og vært det nytta bobleplast for å pakka pasienten inn i for
å halda varmen. 

35 minutt etter at politi og ambulanse- og bannmannskap kom på plassen vært den siste av buss passasjerane tatt ut.
Som ei ser har ein dekka til ansiktet på denne buss passasjeren. 
Samtidig forbereda brannmannskapa seg på å løfta bussen slik at ein får frigitt øvingsdokkene. Til å heva bussen brukar
ein luftpute som ein legg under bussen og fyller så trykkluft inn i puta.

Når alle er tatt ut av bussen er det tid for å frigjera øvingsdokkene som ligg fastklemt under bussen.

Den siste øvingsdokka vært trekk ut.



Den siste øvingsdokka er trekk ut og klossar vært tatt vekk og lufta tappa ut av luftputa under bussen.



Ca 1 time etter at alarmen gjekk er øvinga slutt og det er berre ein kort gjennomgang av øvinga som gjenstår.
Det var mange observatørar med i øvinga og dei noterte flittig. Når notata til observatørane er gjennomgått vildet bli
laga ein sluttrapport frå øvinga men den kjem nokk ikkje før seinare i haust/vinter.

 

     

 2013  Tor Jørgen Jørgensen