01. Oktober   2013        22 bilde på denne sida!

Nedanfor parkeringsplassen ved Gullinghuset er det mange forskjellige båtar samla på stranda.

Vasstanden i Mosvatnet er i dag regulert pga Ulla-Førre kraftutbygginga på 70 og 80 talet. Vasshøgda er normalt
517,70 moh men kan svinga mellom 518,2 og 516,2 moh. I sørenden av Mosvatnet er det inntak til ein tunnel til som går ned
til Hjorteland pumpestasjon der vatnet så blir pumpa vidare opp i Sandsavatnet via ein ny tunnel. Sandsavatnet ligg med
vassstand rund 600 moh men i periodar ligg den mellom 605 - 560 moh. 

Mosvatnet har eit flatemål på ca 1,83 km².

Gullingen leirskule har og ein del båtar liggjande nedanfor parkeringsplassen ved Gullinghuset.

Mosvatnet.

Sandsaosen med Sandsavatnet. Ser ein godt etter kan ei skimta Sandsahytta til Stavanger turistforening som ein rød
prikk midt i bilde i enden av Sandsavatnet. 

Vasstanden i Sandsavatnet er og regulert pga Ulla-Førre kraftutbygginga på 70 og 80 talet.  Vasshøgda er normalt på
ca 600 moh men kan svinga mellom 605  og 560 moh. Sandsavatnet er eit viktigt magasin. I tillegg til sitt normale nedbørsfelt
får ein tilført vatn frå Mosvatnet og heilt sør frå Bjørndalsvatnet i Årdalsheia via tunnellar og bekkeinntak.
Vatnet i Sandsavatnet kan brukast til produksjon i Kvilldal og Hylen kraftverk via Saurdal/Lauvastølsvatnet eller pumpast
opp i Blåsjø (1055 moh) for lagring til seinar bruk. Blir vatnet pumpa opp i Blåsjø for lagring til seinare bruk blir det same
vatnet brukt i Saurda, Kvildal og Hylen kraftverk. 
Størrelsen på Sandsavatnet ca 6,9 km².

Sandsaosen. Ein kan skimta litt av Karinuten og borte i lianen ved Tjøsteim-Sandsa ser ein kraftlinjene som kjem frå
Saurdal/Liasøl og går vidare mot Førre trafo innst i Jøsenfjorden.

Sandsaosen. Her er ein manga samleplassar for sauene som har vært på sommarbeite i heiane omkring. 

Stølane/Hyttene på Stråpa-Sandsa og Sandsahytta til Stavanger turisforening (den store bygningen). 

Ved Øvre Moen er det ein bom som vært satt opp seinare i haust.

Ved bommen på Øvre Moen er det innsamling av kjevebein frå felte reinsdyr. Boksen var tom for jakta er vel slutt nå.
Trur jakttid på villrein er frå 20. august til 30. september og det gjeld heile landet.

"Oddehølen" passerar ein når ein kjører vegen opp frå Øvre Moen mot Oddatjørn/Blåsjø. Veit ikkje om dette er rett
namn på hølen/fossen eller om den fekk dette "namnet" etter ein episode som skjedde ein vinterdag for ca 20-25 år sidan
men ikkje skal skrivast meir om her. 

1012 Vatn. Dam og pumpehus er bygd etter Ulla-Førre utbygginga. Vatnet herfrå pumpas gjennom røyr som er gravd ned
i bakken og som ligg gjennom øvre veitunnel på Oddatjørn og ut steibruddskanten mot Blåsjø. Pumpehøgda er berre nokre
få titals meter. Før rann dette vatnet ned via Øvre Moen og inn i tunnelsystemet frå Stølsdalen til Sandsavatnet og då
mista ein fallhøgde på ca 450 meter. Størrelsen på 1012 Vatn er ikkje meir enn ca 1,83 km² men nedbørsfeltet er ein god
del større.

Dette er berre ein svært liten del av Blåsjø ein ser her. Rett nedanfor kanten her kjem vatnet som vært puma frå
1012 Vatn ut og renn ned i Blåsjø.

Infoskilt som står oppe ved toppen av Oddatjørndammen.

På toppen av Oddatjørndammen er det satt opp eit solid bord med benkar der ein kan nyta kaffi og medbrakt niste.
På Førrevassdammen er det satt opp to like bord med tilhøyrande benkar. Benkane er støtta av Statkraft.

Nedkjørsla ved båtutsett. Infoskilte oppfordra alle til å bruka overlevingsdrakt ved ferdsel på Blåsjø.
Temperaturen i Blåsjø fristar kun isbaderar til å ta ein dukkert for den er låg sjølv ein sommardag. .

I vegkryss Beinlei / Førrevass er det montert eit fastmerke/høgdemerke nr 85147 frå Norges Geografiske Oppmåling.

Vegen inn til Beilei er nå stengt for sesongen. Vegen er kun åpen for fri ferdsel frå 15. august til 30. september.

Infoskilt på bommen. Når bommen er åpen kan ein kjøra vidare innover til Beinlei og då får ein sjå mykje meir av Blåsjø.
Ved Beinlei står det ein ny bom og den stengt for allmenn ferdsel heile året som skiltet opplyser om. Det hadde vært bra
om denne bommen ved Beinlei og hadde vært åpen frå 15. august - 30. september slik at ein fekk sett søraustre del
av Blåsjømagasinet og Storvassområdet.   

Når ein kjører utover Venaheia mot Førrevass ligg der ein sperredam nede i skardet på venstre sida av vegen. Dersom ein
skal sjå den må ein gå 50-60 meter ut mot kanten av skardet. Dette vatnet renn nå inn i Blåsjømagasinet via sjakt ned
i overføringstunnelen mellom Oddatjørn og Undekutvatnet (før U-F utbygginga).
Vatnet ligg på 1064 moh og er ca 0,12 km² stort.

Førrevassdammen. Det ein ser her er den delen av dammen som vatnet renn over når den er full. Sjølve hoveddammen
kan ein skimta bak i høgre sida på bilde

Infotavle ved Førrevassdammen.

 


© 2013
 Tor Jørgen Jørgensen