Sand 28. September  2013     16 bilde på denne sida!

Vakna av svie/kløe i halsen. Oppdaga at stømmen var vekke. Svil- / brannlukt. Stod raskt opp og sjekka rundt  i huset heime.
Ser rundt i nabolaget. Ganske mørkt nedover mot Prestaåsen, åpnar terassedøra og klorgassane slår mot meg.
Stilt og roleg rundt i nabolaget. Går ned i Prestaåsen via gangveiene bak i feltet. Kan ikkje gå bilvegen pga klorgassane som
velta oppover mot oss mot på Jonsokberget. Når eg kjem nederst i feltet der trafoen står er det berre 4-5 personar og sjå.
Utruleg stille. 1 minutt etter at eg kom ned til nettkiosken svinga brannbilen inn i Prestaåsen.
Når eg kjem ned i Prestaåsen er Kl 6:45.  Kl 06:46 kom brannbilen.

Kl 06:47. To av brannmennen har vært bortom nettkiosken og 4-5 av naboane til nettkiosken står og ser på.

Kl 06:47. Røyken veltar ut.

Kl 06:48. Brannmennene har byrja å legga ut slangan. Fagledar brann  snakkar med ein av branmennene.
Ein av dei tilsette i frå Suldal Elverk er og komt på plassen.

Kl 06:49. Brannmennen jobbar med å få trykk på vatnet ut til slangane frå brannbilen og tilsetjing av skum.

Kl 06:50. Brannen slår igjennom taket på nettkiosken. Brannnmann er klar til å sløkkja.

Kl 06:50. Brannnmann i aksjon med å sløkkja. Fagledar brann til høgre i bilde.

Kl 06:51. Giftige gassar velt innover og oppover i feltet. Naboar vært varsla.

Kl 06:54. Brannen er nærmast sløkt.

Kl 06:56. To tilsette i Suldal Elverk ser på brannmennen som har opna døra inn til nettkiosken og driv og skumlegg.

Kl 06:57.

Kl 06:57.

Kl 07:01. Brannmennene sjekkar nettkiosken.

Kl 07:03. Fagledar Brann snakkar med ein av brannmennene.

Kl 07:09. Brannmennene  slår av pumper og samlar inn utstyr.

Kl 07:10. Brannmennene  slår av pumper og samlar inn utstyr.
 

 2013  Tor Jørgen Jørgensen