17.September   2013     8 bilde på denne sida!

Ein del av Gata på Sand skal få ny asfalt. Her held gjengen til Svein Klungtveit AS på og fjerna siste rest av asfalten før
asfalteringa startar.

Ny asfalt skal leggjast frå krysset ved ferjefila og bort til Coop Marked.

Asfalten kjem med i trailere frå Haugalandet. Her fyller ein asfalt oppi asfaltleggjaren.

I Gata er det ein del kumlokk og som ein ser ligg asfalten rund kumlokket som er synleg. Under asfaltleggaren
er det 2 kumlokk som det blir asfaltert over.

Etter at asfaltleggaren har passert dei 2 kumlokka fjernar ein asfalten over kumlokka. Det er lett å fjerna asfalten på
lokka for før asfaltleggaren kjem og asfaltera har ein av karane i asfaltgjengen skvetta "olje" på kumlokka. 

Her ser ein att asfalten er fjerna på begge kumlokka. Etter at asfalten er fjerna tar to av arbeiderane i asfaltgjengen
og løfter opp kumlokket med spett slik at lokket ligg i plan med vegbana og meir asfalten fylles opp i holrommet
rundt lokket. 

Her løftar ein opp det neste kumlokket i plan med vegbana og fyller asfalt rundt lokket. 

 Til slutt kjem veivalsaren og trykker ned den nylagte asfalten og ein får ein gjevn og slett flate. Asfalten er varm når
den vært lagt ut og ein kan sjå dampen stig opp mellom asfaltleggjaren og veivalsen.


© 2013
 Tor Jørgen Jørgensen