03. August 2013

Dei fyrste dagane av august vært Fjordsteam 2013 arangert i Bergen og Brødrene af Sand var og med der.
Det var samling av ca 50 veteranbåtar frå heile sør-Norge og ca 50 veteran brannbilar og ein del veteran motorsyklar,
- traktorar, -bilar, -lastebilar og-bussar. Elles var det og andre samlingar som var kystrelatert.
Eg reiste inn til Bergen fredag 2. og laurdag 3. august for å få med meg det "meste" men vèret var ikkje det beste.
Det skifta fort frå sol til regn og det beste hadde vært regnklede og sjøstøvlar men sidan eg hadde fotoapparetet med
og skulle ta bilde var valget paraply og GoreTex sko. Etter nokre timar var skoa fulle av vatn for buksebeina vart
klissblaute og vatnet rann ned i skoa.  Når vatnet har komt inn i Gore Tex skoa held det seg der til ein tømer dei.

På laurdagen rundt kl 14 vært det nesten klar himmel med sol og varme. Det passa bra for mange av veteranbåtane går
ut frå Vågen i Bergen kl 15:15 slik dei hadde rute i gamledagar frå by til bygd. I gamedagar var det ofte kniving mellom
båtane på byfjorden om kva båt som gjekk raskast. Nordover gjekk båtane som skulle til Osterfjorden, Salhus, Meland,
Alverstraumen, Sognefjorden og Sunnfjord. 

Er du interesert i å lesa meir kan du gå inn på desse linkane.

http://www.fjordsteam.no/?page_id=948         Her er programmet for Fjordsteam 20013 i Bergen 

http://www.fjordsteam.no/?page_id=1099        Nede på denne sida står omtale av båtane også om Brødrene af Sand          

 


© 2013
 Tor Jørgen Jørgensen