15. Juni  2013      

Brua over øvre Høse vart offisielt opna den 8. juni og namnet vart Høsebrua. Håpar området vært brukt av lokal
befolkninga og turistar på besøk i området. Når ein kjem over brua går ein ca 50 meter oppover bakken før det flatar ut.
Her har ein fleire valg å gå vidare. Ein kan ta til venstre og gå til Gåsavikja/Garaneset og nedatt via Sandsvegen/Postvegen.
Ein kan og ta til høgre og gå over eit hogstfelt og ned mot Sandsfossen. Det tredje valet er og gå vidare oppover skogsvegen
og der vil ein finna merka sti som fører opp i Fiskebergåsen. Når ein kjem ut mot hytta på Fiskebergåsen skal det nå og
væra marka sti ned til sjølve Fiskeberget som ligg rett over for Ryfylke Fjordhotel ved elveosen.

Det som BØR gjerast i området er å få opp infoskilt med innteikna stiar ein kan gå, og så må det ryddast opp i alt som ligg
at av greiner/trestammar etter tømmer som er hogd i området. Det ser ut som det har vært bombenedslag enkle plasser. 


© 2013
 Tor Jørgen Jørgensen