15. Juni  2013      11 bilde på denne sida! 

Når ein kjører RV 13 Ryfylkevegen oppover mot Suldalsosen passerer ein denne bygningen og diverse traktorar og bilar.
Plassen ligg på venstre sida av vegen ovanom Juvet/Kvamen og rett før ein kjem til Foss gardane.

Her er ein Volvo Amazon ein Toyota Corolla og ein Volvo 245 parkert ved sida av løeveggen.

Her er ein Volvo 245 ein Toyota Corolla og ein Volvo Amazon parkert ved sida av løeveggen.

Denne tilhengaren har stått slik i mange år og venta på at nokon skal komma og dra den vidare med si last. Ser ein nøye
etter ser ein at det er eit raunetre som veks opp mellom tømmerstokkane som ligg på tilhengaren så det tyder på at
tilhengaren har stått nokre år her. Massey Ferguson traktoren som står bak kjem vel aldri fram og får dratt tilhengaren
og last med seg til ei sag. 

Dersom ein ser nøye etter ser ein og ein annan ivrig fotoamatør som og er ute og tar bilde av denne Massey Ferguson traktoren.



Denne Volvo traktoren står klar med høyvendaren påmontert men den har vel sett sine beste dagar eller er det håp om at
det er nokon som kan restaurera den slik at den kan hamna i ei samling .



Det er og ein bakgravar i samlinga her.



Sykkelen er ein Svithun modell med ramme som er rusten men skjermane er heilt fine og blanke så dei må væra påsett
for ikkje alt for mange år sidan. 

Denne Volvo 245 står parkert ned mot elva ilag med 3 andre bilar. Bak skimtar ein ein Toyota og Volvo Amazon.

Her ser ein Toyota`en og Volvo Amazon`en.

Ovanom dei andre bilane stå ein einsleg Mercedes-Benz parkert i graset.
 


© 2013
 Tor Jørgen Jørgensen