Sand 21. Mai 2013     13 bilde på denne sida!

Dette skiltet står i Klypa og fortel at Ryfylkevegen er med i Nasjonal Turistveg frå 2012.
Høse bru har status som ein av attraksjonane i Nasjonal Turistveg.

Dette er det første ein møter på når ein parkerer på P-plassen ovanom Sandsfossen. Bakkane fulle av ris etter tre
som ein har felt. Frå P-plassen er det berre 1. minutts gange til Sandsfossen eller Høse bru.

Ovanom øvre Larviksvingen kjem ein til Høse bru. Her møter ein og eit område med vegetasjon i fri utfolding.
Når Høse bru er ein av attraksjonane i Nasjonal Turistveg langs Ryfylkevegen burde ein rydda opp i vegetasjonen mellom
Larvika og Høse bru. I dag er det nesten umuleg å få tatt eit brukbart bilde av området ned mot Sandsfossen / Larvika
pga buskar og trær. Her står nokre få friske trær men der ligg og mange råtne trær og buskar som skjemmer ut.
Høse bru skal offisielt opnast i første veka av juni så det er von om at området vært kraftig oppgradert.   

Når ein har tatt seg over Høse bru og kjem på sørsida av Suldalslågen ser området ikkje noko betre ut.
Her og ligg ris og greiner att etter at trea er felt tømmerstokkane er frakta ut.

Ris og greiner i store mengder.

For eit par år sidan kunne ein gå på sti frå Hedl og ned til sørsida av Sandsfossen men nå ein kryssa eit belte med
ris og greiner før ein kjem inn på stien att.

Hedl.

Område med ris og greiner som skjemmer ut strekker seg ca 150 meter frå Høse bru /Hedl og oppover.

Gardaneset og Gåsavika.

Tjelmane bru.

Før ein kjem opp til Gåsavika er der eit parti der fjellet ser utrygt ut. Det er plassert ein tømmerstokk som
sikring. Det er ikkje berre blokka ein ser her men massane som ligg over steinblokka ligg utsett til.

Tømmerstokken er "sikring" av steinblokka. I venstre kant står ca 10-15 cm av steinblokka og kviler på fjellet .



I Gåsavika er det slutten /starten på traktorvegen ned til Hedl / Høse bru. Her ser ein brua ein brukte før for å kryssa
bekkjen men nå kan ein skimta traktorvegen i høgre bildkant og bak trea på motsatt sida av bekkjen.
Ein får ein fin rundtur når ein går over Høse bru via traktorvegen til Gåsavika og så vidare via Gardaneset og nedatt
Postvegen til Høse bru / P-plass i Larvika.
Satser ein å få turistar til å gå rundturen bør ein setja opp infoskilt som forklarar vegen og i Gåsavika / Gardaneset
bør det og merkast opp kvar ein skal gå.

 

 2013  Tor Jørgen Jørgensen