08. April  2013      6 bilde på denne sida! 

I dag kom inn ein ny stor båt inn fjorden. JS GARONNE er ein Singapore registret båt på DWT 63.500.
Den vært assistert av slepebåtane BB WORKER og BB SUPPORTER. 

BB WORKER.

BB SUPPORTER.

JS GARONNE er ein Singapore registret båt på DWT 63.500. Den er 199,99  meter lang og 39,26 meter brei og stikk
her 9,6 meter ned i sjøen. Båten er bygd  ved Yangzhoy Dayang verftet i Kina og levert 8. mai 2012.
Yangzhoy Dayang verftet i Kina er nokk ein god del større en skipsverftet Rosenberg i Stavanger var i sine glansdagar.
Yangzhoy Dayang verftet har 5 produksjonslinjer (2 innandørs) og kan i tillegg utryste 10-12 skip med 200 meters lengde
samtidig ved utrystningskaiane. Verftet dekker eit areal på 1,36 millionar m² dvs ca 1,1 x 1,2 km. Verftet levere mellom
30-36 båtar i året. Yangzhoy Dayang verftet har konstruert Crown63 klassen som denne båten og dei 4 andre
søsterskip JS AMAZON, JS COLORADO, JS DANUBE, JS LOIRE som og vært levert i 2012 er ein del av.



Seinare på ettermiddag kom denne Malta registrerte båten PORT ESTORIL aleine ut fjorden frå Sauda.
Denne båten er 190 meter lang og 32 meter brei. Den er bygd i Japan i 2001. Båtener ca DWT 53.000
Slepebåtane som assisterte JS GARONNE inn fjorden måtte i Sauda først få POST ESTORIL frå kai/hamna før dei
assisterast JS GARONNE til kai. Etterpå sette dei kursen ut fjorden og tok att PORT ESTORIL utanfor Sand slik at
dei kunne assistera ut Hålet/Pølsesvingane og mot Boknafjorden. Når ein kjem ut mot Hebnes kastar ein slepet og båten
stikk til havs. PORT ESTORIL skulle ikkje så langt for å henta last att . Den skulle til Håheim rett nord for Stad og
henta ei olivinlast.

JS GARONNE ved kai i Sauda.

 


© 2013
 Tor Jørgen Jørgensen