Gullingen / Hedlebrekk 01. April 2013      10 bilde på denne sida!



Gullingen skisenter var stengt i dag. Det var god plass på parkeringsplassen for dei som hadde tenkt seg på ski eller
berre gå på føtene innover Breistølsdalen mot Sandsavatnet.
 



Turen me tok gjekk frå Hedlebrekk..

Naboen vår er her på veg mot Nattlandsnuten i dag.



Me tok ikkje av mot Frøkedalen / Nattlandsnuten men forsette sørover mot Svartedalen og Fjellberg høgeheia.

Ved vestenden av nedre Stemtjørn sette me oss ned og nytte sola.

Fram med appelsinane men kvikk lunsjen fekk liggja urørt i sekken.

Etter rasten ved nedre Stemtjørn gjekk me via Fjellbergskardet hyttegrend. Dei siste åra er det komet opp mange
hytter og fleira skal det setjast opp. Hyttene me ser er berre ein liten del av dei som alereie er satt opp.
Fjellbergskardet hyttegrend har og eiga lysløype som går i området.

Litt info om Fjellbergskardet.

Det var ikkje så mange me møtte i dag. Her er ein familie på veg tilbake til parkeringsplassen på Hedlebrekk 
Dei fleste påsketuristane har vel allereie fått nokk sol i påsken og dratt heim att til "byen".

Vår tur gjekk ikkje på ski men med gode sko på føtene. Starta ved parkeringsplassen på Hedlebrekk og gjekk vestover
og tok rundtur nr 7 på kartet. Denne turen er på 6,5 km lang. Ingen problem med å gå på føtene på sida av skispora som
Gullspor har kjørt opp i Mosvatnet området. Når dei lagar skispora er der og eit bredt felt som ein kan bruka til
skøyting og dette feltet var så hardt at det bar oss uten problem.
 

© 2013  Tor Jørgen Jørgensen