Sand 05. Desember  2012    4 bilder på denne sida!



Så langt har desember månad vært kald og derfor kjem den nye investeringa i nytt fuglebrett/mater til nytte straks.
Huset har me kjøpt hos Clas Ohlsen, og trådstativet for maiskolbane har me kjøpt hos Plantasjen. Maiskolbane vært hengt
opp før helga men det var ikkje så mykje fuglar å sjå dei første dagane. I dag hengte eg opp huset og det tok ikkje meir
enn 5 minutt før den første kjøttmeisa var og sonderte kva som var skjult inne i huset.
I dag tidleg var det - 10 C° og midt på dagen når sola skein var temperaturen oppe i - 3 C° men i kveld er den nede i - 10 C° att.



Etter 2-3 timar var det full aktivitet. Det var kjøttmeis og blåmeis som var på besøk.

Me har kjøpt solsikkefrø utan skall og i løpet av få timar var huset tomt, og eg måtte fylla det oppatt. Godt me har mange
kilo med solsikkefrø på lager.



Her er ei stakkars blåmeis som ventar på ledig plass ved fuglebrettet eller ved maiskolbane.

Ps!  Fotografen sat inne i godt og varmt hus og kosa seg når desse bilda vært tatt.


© 2012
 Tor Jørgen Jørgensen