Sand
01. November 2012
Nå er Høse bru
komet på plass.
Dette har vært eit prosjekt som lang frå har gått på skinner, men nå er brua
her.
Det var mykje vind på føremiddagen i dag men dei håpa på at vinden skulle
løya slik at ein fekk heist ho på plass i dag.
Kl 11:30 hadde dei som var involvert i løfteopperasjonen SJA (sikker jobb
analyse) av jobben. Kl 12:00 når løfteopperasjonen
starta hadde vinden avtatt ein god del. Frå ein løfta brua frå
monteringsplassen langs Postvegen (øvre Larviksvingen) til den
låg på plass i brukara tok i underkant av 10 minutt.
Brua skal ikkje malast men skal rusta slik som Grieghallen i Bergen.
Dei lyse strekkmetall flatane er rustfrie og tanken er at dei skal bli
værande slik dei ser ut nå.
Bak dei tette veggplatene (over lågen) inne i brua er det rister i golvet
slik at ein ser rett ned i Suldalslågen.
Området under skal væra opplyst av lyskastarar.
Inne i brua skal det og monterast opp lys.
Kan sikkert bli eit fint å sjå på
ei vinternatt med nedrima/nedisa bru.
Eg er den aller første personen som har gått heile rundturen via Høse bru. Etter at brua
var på plass og eg hadde tatt
bilde frå
oppstrøms sida av brua og, kjørte eg opp til Gåsavika og parkerte. Gjekk nå
ned traktorvegen på sørsida av elva,
over
Høse bru og gjekk oppatt Postvegen til Gåsavika for å henta bilen.
© 2012 Tor Jørgen Jørgensen