Sand 01. November  2012


Nå er Høse bru komet på plass. Dette har vært eit prosjekt som lang frå har gått på skinner, men nå er brua her.
Det var mykje vind på føremiddagen i dag men dei håpa på at vinden skulle løya slik at ein fekk heist ho på plass i dag.
Kl 11:30 hadde dei som var involvert i løfteopperasjonen SJA (sikker jobb analyse) av jobben. Kl 12:00 når løfteopperasjonen
starta hadde vinden avtatt ein god del. Frå ein løfta brua frå monteringsplassen langs Postvegen (øvre Larviksvingen) til den
låg på plass i brukara tok i underkant av 10 minutt. Brua skal ikkje malast men skal rusta slik som Grieghallen i Bergen.
Dei lyse strekkmetall flatane er rustfrie og tanken er at dei skal bli værande slik dei ser ut nå.
Bak dei tette veggplatene (over lågen) inne i brua er det rister i golvet slik at ein ser rett ned i Suldalslågen.
Området under skal væra opplyst av lyskastarar.  Inne i brua skal det og monterast opp lys.
Kan sikkert bli eit fint å sjå på ei vinternatt med nedrima/nedisa bru.
Eg er den aller første personen som har gått heile rundturen via Høse bru. Etter at brua var på plass og eg hadde tatt
bilde frå oppstrøms sida av brua og, kjørte eg opp til Gåsavika og parkerte. Gjekk nå ned traktorvegen på sørsida av elva,
over Høse bru og gjekk oppatt Postvegen til Gåsavika for å henta bilen.

© 2012  Tor Jørgen Jørgensen