Sand 04. September  2012


I går vært kundane til Ronæs bakeri & konditori møtt med skilt Lukket på inngangsdøra til bakeriutsalet og kafeen.
Ingen eg har snakka med i gata har høyrt noko om at det skulle stengjast nå. Kva som skjer vidare er ikkje godt å seia.
Dersom det er kroken på døra for godt blir det eit stort saken i gata. Det er og trist for alle som sat på Ronæshjørna når
det var vær for det, eller inne på kafeen. Det var mange som hadde kafeen til Ronæs som ein drøseplass med kaffi og kaker. 
Olav Ronæs starta opp bakeri her i 1936. I 1978 vært nabobygget (høgre del av bygget) og innlemma i bakeriet slik det står
i dag mot gata. Tidligare eigar av bygget til høgre var Anbjørn og Brita Torsteinbø. Brita dreiv kafé i bygget frå slutten av 1920
talet til midten av 1940 talet. Etter den tid  og ut på 1950 talet leigde Svein A Hatløy deler av huset til systove. 
  

© 2012  Tor Jørgen Jørgensen