Sand 15. Juli 2012


STRIL EXPLORER er ein spesialbåt retta mot oljeindustrien og er på 31091 GT. Den er bygd hos West Contractors i
Ølensvågen i 2010. Båten er eigd av Simon Møkster Shipping AS. Den er 69 meter lang, 18 meter brei og stikk 4,6 meter
ned i sjøen.
STRIL EXPLORER har nå eit oppdrag for Statnett. Ein kartlegger havbotnen frå England til Hylen med tanke
på den planlagde kraftkabelen som skal gå mellom England og Kvilldal Kraftverk. Båten har jobba ute i Nordsjøen og
Boknafjordbassenget i eit par veker allereie og i dag starta den med Sandsfjorden. Båten kom inn i Sandsfjorden (Hålet)
i dag rundt kl 14:00 og dette bilde er tatt kl 23:30 når den er utanfor Kråke så det går ikkje fort innover når ein skal
kartlegga havbotnen.   

© 2012  Tor Jørgen Jørgensen