Sand 1. Februar 2012



Heidi er er båt som er registret i Torshavn på Færøyane men er norsk eigd. Båten er på 5655 DWT (sommer) og vart bygd
i Tyskland i 1979. Den er 105 meter lang, 16 meter brei og stikk 4,4 meter ned i sjøen.
Båten fekk namnet Heidi 01.01.2005 men før den tid har den hatt 10 eller 11 andre namn sidan den var ny.
Båten låg 3 timar å lasta ombord tømmeret som Marvik Skog AS hadde lossa på Hydrokaien den 26. januar.  Båten gjekk
frå Sand kl 14:00 og den var innom Berakvam og lasta eit par timar før den for vidare ned til Hundsnes i Hjelmeland der
den lastar i kveld. Seinare på kvelden for den til Stølsvik i Yrkjefjorden og lasta i 4 timar før den sette kursen sørover til
Barnavika i Fisterfjorden.  
I dag er det lettskya og temperaturen er - 3 C°. I dag tidleg var det - 9,5 C°

 

© 2012  Tor Jørgen Jørgensen