Sand 26. Januar 2012



Marvik Skog AS var i dag på Sand og lossa tømmer frå lekter og over på Hydrokaien. Marvik Skog AS er eit nytt firma
som starta opp i 2011. Nå driv dei med tømmehogst inne i Hylsfjorden. Tømmerhogsten føregår ved at lekteren vært ankra
opp på fjorden og inn mot fjellet (lia) og så strekker ein opp taubana med løpekatt til hogstfeltet oppe i lia.
Nede på lekteren står det ein gravemaskin med
kvisteaggregatet som kvistar, kappar og sorterar tømmeret.
Sagtømmer og massevirke blir sortert i lunner langs kanten på lekteren. Kvistane (greinene) er ei spesielle utfordring når
ein jobba på lekteren. Ein kan ikkje hiva kvistane på sjøen men ein må frakta det opp i hogstfeltet att på slutten av dagen.
Lekteren dei nå brukar er 65 meter lang og 17 meter brei. Bygd i Kina i 2009 og er på 3200 DWT. Planen er å få tak i ein
større lekter som er minst 80 meter lang og 20 meter brei kan ein lesa i reportasjane med firma som ligg på internett.

 

© 2012  Tor Jørgen Jørgensen