Sand 24. November 2011

YUANNING SEA er ein bulk båt på 55500 DWT (30881 GT) og vart bygd i Kina i 2004.
Båten er registrert i Panama. Den er 190 meter lang, 32 meter brei og stikk 8 meter ned i sjøen på veg til Sauda. 
Taubåtane som assisterte i dag var BB COASTER og BAMSE TUG.
Den 11. august starta reisa frå Shanghai i Kina og gjekk via Rotterdam (18. november) og vidare til Kvinesdal der den
kom den 20. november. I går starta så reisa vidare til Sauda og passerte Sand på føremiddagen i dag.

 

2011  Tor Jørgen Jørgensen