Sand  30. Juli 2011

Årets sommarshow i Løa på Helland vart arrangert i ettermiddag. Dette var det sjette showet som er kjørt
sidan starten. Det er barnebarna til Brit og Hans Eide Helland som står for all underhaldning.
Når ein kjem opp til Helland får ein kjøpt brus/kaffi og kaker før showet og i pausen.
Loddsal har ein og hatt. Det er seld lodder både på Sand og i Suldal og ein kunne og få kjøpa lodd på Helland.
Inntekta går til Støtteforeningen for kreftsyke barn.  I år fekk dei inn ca 20 000 kr.

© 2011  Tor Jørgen Jørgensen