Sand 10. Mars 2011


I dag starta dei arbeidet med endring av bygget som husar Suldal Husflid i krysset Gata - Bankbakkjen.
Suldal Husflid har forretning nede i den grøne delen av bygget og resten er bustad.
Teikningane viser at ein skal inn med smårutete vindauge i heile huset mot Gata og Bankbakkjen og ein skal
skifta ut den grøne kledningen. Vindaugsrutene blir tilnærma like dei som Fargeriet fekk sett inn for ein del
år sidan.   
  
I 1939 kjøpte "Olemann" (Ola H Gautun) dette bygget. Han og kona Gudrun dreiv forretning der dei selde
gåveartiklar og elektriske artiklar. Tidleg i krigen dreiv syster til "Olemann" Centralkafèen i dette bygget.
"Olemann" dreiv og med drosjekjøring. Suldal Husflid har leig forretningslokale her frå 1984 og i slutten av
90talet kjøpte nåverande eigaren bygget. 

© 2011  Tor Jørgen Jørgensen