Sand 13. Februar  2011



Vega Taurus er ein Liberia registrert bulk båt på 57 000 DWT og vært levert i 2010.
Den er 190 meter lang, 32 meter brei og stikk 10,5 meter ned i sjøen når den er på veg til Sauda.
Båten kom inn til norskekysten i slutten av veka og har vært oppankra i Hervikfjorden i Tysvær inntil dei i dag
søndag kl 08:00 letta anker og forsette til Sauda. Båten venta ein halvtime på to taubåtar i munningen av
Sandsfjorden mellom Foldøy og Jelsa. Taubåtane skal hjelpa til vidare innover Sandsfjorden når dei skal
gjennom "Pølsesvingane" og når den skal leggja til kai i Sauda.

Taubåtane Buddy og BB Server kom frå Sauda med bulk båten Lu Hai. Dei passerte Sand kl 09:00 i dag på veg
ut fjorden. Lu Hai er på 46 702 DWT og er registrert i China og den er 188 meter lang, 32 meter brei og stakk
6,3 meter ned i sjøen.

Når slepebåtan var mellom Foldøy og Berakvam (Norsk Stein), forlet dei Lu Hai og tok over og assistera
Vega Taurus innover fjorden. Kl 12:00 passerte dei Sand.
.   

© 2011  Tor Jørgen Jørgensen