Sand, Nordenden 05. Oktober 2010
Karlahuset i Nordenden vært bygd i 1863 som eit 1 1/2 etasjes hus men på 1870
talet bygde dei på det slik at
det fekk to fulle etasjar. Nå er det nye eigarar som har overtatt bygget og
planen er nå å setja det i stand att.
Tida har satt sine spor på huset. Grunnmuren er byrja å tippa framover og noko
av det første ein skal ta tak i er
å retta opp grunnmuren. Karlahuset har ei stor steintrapp opp til inngangsdøra i
første etasje. Denne skal og
setjast i stand att etter som eg har forstått.
Eigarane av huset når var unge var Karl og Marta Karlsen. Karl hadde "snekkerbod"
nede i kjellaren på huset.
Her var det mange spennande maskiner å sjå i aktivitet for ein gutunge. Marta
kona til Karl var ei drivane dame.
I tillegg til å stelle for mann og born var ho politisk aktiv og var med i
kommunestyret for Sand. Ho var ein av
stiftarane for kvinnelaget til Arbeidarpartiet på Sand. Ein annan ting som Marta
dreiv med det var fotografering. Ho var tidleg ute med den "hobbyen".
© 2010 Tor Jørgen Jørgensen