Røynevarden  20. Juni  2009

Husmannsplassen Røynevarden . Tunet består av frå venstre eldhus, geithus, nystova, sauhus,
røykstove og løe i bakgrunnen. På andre sida av Suldalsvatnet ser ein Bråtveit.
Røynevarden var rydda som husmannsplass under Overskeid på Nesflaten i 1834. Røynevarden var
blant dei beste husmannsplassane i Suldal og på det jamne fødde dei 2 kyr 5 geiter og nokre sauer.
Nystova vart kjøpt på auksjon i Litlevik (rett ovanom Djupevik) då huslyden der reiste til Amerika
og kom til Røynevarden i 1893.

© 2009  Tor Jørgen Jørgensen